Ønske for grensesnitt

Fra Biblab

Gå til: navigasjon, søk

Innhold

Ønske for mash-up-prosjektet sitt grensesnitt

Ein bør følgje IFLA sine retningsliner for OPAC display. Og sørgje for at grensesnittet følgjer krav om tilgjengelegheit og universell utforming frå W3C (WAI-retningslinene) og noreg.no. Designet bør vere enkelt, men det treng ikkje å vere kjedeleg av den grunn. Ein bør også ha med informasjon om tenesta slik at folk veit kva dette er og kva det kan brukast til. Det er og eit ønske å ha mulegheit til å chatte eller sende e-post til ein bibliotekar.

Søk

Eitt søkefelt slik brukaren er vant til frå Google, gøym det avanserte søkebiletet lenger bak i systemet. Mulegheit til å bruke autoritetsregisteret/tesaurus, gjerne eit nasjonalt emneregister, i søk og hente termar derfrå, jfr. Søkefunksjonen til Biblofil. Det bør vere muleg å søke på registertermar i Dewey via Web-Dewey.

Treffliste

Trefflista bør vere rangert etter relevans og innehalde bilete, tittel, forfattar, år, medietype og ingress frå Wikipedia.

FRBRisering – samle uttrykk for at trefflista skal bli meir oversikteleg.

Hjelp brukaren med å avgrense søket med utgangspunkt i trefflista. La brukaren kunne forbetre trefflista så mange gongar han vil. Gjer det muleg å avgrense søket ved hjelp av fasettar. Viss ein søker på forfattarnamn bør ein få mulegheit til å presisere om ein vil ha litteratur AV eller OM forfattaren. Når ein søker etter bøker vil det og vere interessant å kunne få opp litteratur om litteraturen.

Presentasjon av postane

Tilleggsinformasjon i tillegg til katalogdata kan vere Wikipediaartiklar, utdrag frå bøker, lydklipp frå lydbøker, filmklipp, informasjon frå ønskebok.no, bok/film-meldingar, informasjon om korleis ein kan kjøpe boka viss ein ønsker det. Denne informasjonen bør ikkje vere påtrengande, og ein bør også ha litt informasjon om dei enkelte kjeldene slik at brukaren veit kva han går til. ”Reklamen” frå bokhandlane bør ikkje komme på trefflistenivå, men på den enkelte posten.

Det er og eit ønske å ha ein tematisk inngang til skjønnlitteratur, og la brukarane tagge bøker.

Personlige verktøy